Tilbake til aukra.kommune.no

Reguleringsplan Kjerringsundet - melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Aukra kommunestyre i møte den 18. juni 2019, sak PS42/19, vedteke detaljplan for ny veg mellom Gossen og Oterøya, Kjerringsundsambandet, planID 201504.

Samstundes med dette vedtaket er omsynssone H710 på Tangen (område for bandlegging etter plan- og bygningslova), jf. føresegn til kommuneplana sin arealdel § 14,.3, oppheva.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)

Planomtale

Føresegner

Plankart:

Plankart C101

Plankart C102

Plankart C201

Plankart C202

Plankart C203

Plankart C204

Plankart C205

Plankart C206

Plankart C207

Klage

Du kan klage på vedtaket til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI. Vedtaket vart kunngjort i Romsdals Budstikke den 25. juni 2018. Klaga skal vere grunngjeven og må sendast til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Krav om erstatning

Om du skal setje fram krav om erstatting etter plan- og bygningslova § 15-3 og innløysing etter § 15-2 i same lov, må det skje seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Kravet sender du til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

 

 

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

Kjerringsundet